Norskekysten rundt i dukkajakk!

Anders Thygesen har i mange år vore ein primus motor i grønlandskajakkmiljøet i Noreg.

I Vesterålen kjenner vi han frå byggekurset han hadde for oss hausten 2008, der fleire av oss fekk bygge eigne dukbåtar.

For få dagar sia la han, som førstemann i dukbåt, ut frå Grense Jakobselv på tur norskekysten rundt. Han padlar i ein sjølvbygd baidarka, som er ein kajakktype frå dei aleutiske øyene mellom Alaska og Sibir og som har større lastekapsitet enn dei kondomane (grønlandsbåtar) som vi bygde på kurset.

Lenke til Anders sin blogg frå turen finn du her: http://kajakkspesialisten.blogspot.com/

Følg Anders på spot her: http://share.findmespot.com/shared/faces/viewspots.jsp?glId=0SODx2rCfQG5bZ7ZDxjiBkvBv2JKiOL35

(Merk at lenker til SPOT ikkje fungerer i alle nettlesarar. Fungerer i Internet Explorer)


Ingen kommentarer: