Nærkontakt med staurkval/spekkhoggar

I går søndag var eg i lag med med Remi og Bent ein tur på Sortlandsundet.  For min del var det første turen sia tidleg i oktober.  Eg har slite med såkalla "tennisolboge" og har derfor tatt det med ro.  Sundet er normalt ikkje den mest spennande padlestaden i verda, men halvannan månads abstinens gjorde at eg gledde meg som ein unge.  I tillegg var dette første turen som "skarpsynt" etter laseroperasjon tidleg i november.

Vi starta i Sørhamna på Sortland.  Berre hundre meter frå moloen såg vi brått først ein, så to og litt etter den tredje staurkvalen som leika seg. rett framfor oss.  Eg padla mot dei og opplevde at dei kom opp på fleire sider av kajakken samtidig, før dei blei borte.  Eg skulle hatt svømmebrillar og lagt meg ut i sculleposisjon!  Får ønske meg slike til jul!

Ein treng sanneleg ikkje dra langt bort for å få store naturopplevingar.  Og vinteren er gjerne den finaste tida på året for å komme innpå dyrelivet.

Ingen kommentarer: