Dans med niser

Eg er så heldig at eg kan padle på jobb.  

På veg til og frå jobb brukar eg å stanse opp og ta eit kvarter med rulletrening.  I går gjorde eg som vanleg - eg stansa ved lysbøya i Sortlandsundet og låg og kosa meg.  Med eitt ser eg to niser som bryt vassflata berre 4-5 meter frå kajakken.  Dei syntest tydeleg at den kvite dukbåten var interessant, og heldt seg attmed og sirkla  rundt kajakken i minst 4-5 minutt.  Det  var nesten som dei baud meg opp på dans!  Eg la meg ut vatnet og prøvde å sjå dyra utfalde seg, men det blei for uklårt utan svømmebriller og med algevekst i vatnet.  

Ei stor naturoppleving!

Asle-Håvard

Ingen kommentarer: