Senja rundt

I fjor fekk eg i bursdagsgåve frå kona:

"Gåvekort - 5 dagers padletur Senja rundt." 

Gåvekortet var illustrert med ei fin teikning av Senjakartet med ein kajakk med med tuiliq-kledd padlar på yttersida.

Det har av ulike grunnar ikkje vore råd å få til turen før no - men no blir det endeleg!  26 eller 27. juni startar eg og Bent turen frå Andenes.  Avhengig av verforholda kryssar vi over til Senja eller tar ferja til Gryllefjord, før vi padlar rundt Senja og kryssar eller ferjar tilbake over Andfjorden.   

Herleg! Frå før har eg padla rundt Noregs største øy (Hinnøya) og den 3. største (Langøya). Så får eg endeleg den nest største (Senja), inkludert kryssing til og frå Vesterålen. Eg gler meg meir enn ein liten unge gler seg til jul !

Er det fleire som har lyst til å feire fjorårsbursdagen i lag med meg, er det berre å slenge seg på! Du finn eigen "underblogg" til venstre på denne nettsida ("Senja rundt")

Asle-Håvard

Ingen kommentarer: